Det blir årsmøte i Skjørsand & Fusa Vassverk SA, mandag 27. mai 2024 kl. 20.00, i Fusa Samfunnshus.
Innkalling og årsmøtedokumenter kan lastast ned her:
Innkalling og årsmøtedokumenter kan lastast ned her:
innkalling_årsmøte_2024.pdf |
Det blir årsmøte i Skjørsand & Fusa Vassverk SA, mandag 27. mai 2024 kl. 20.00, i Fusa Samfunnshus. Innkalling og årsmøtedokumenter kan lastast ned her:
Det innførast kokevarsel i forbindelse med drikkevatnet for alle medlemmane i Skjørsand & Fusa Vassverk. Påbudet gjeld frå og med i dag.
Det vil bli utført utspyling av hovedledningsnettet lørdag 15.04.2023 i perioden mellom kl 09.00 og kl 18.00 dersom arbeidet går som planlagt.
Vi anbefaler at det ikkje vert tappa vatn i tidsrommet arbeidet pågår. I det vatnet blir kopla inn att kan vatnet vera noko misfarga og det kan vera noko luft i leidningane som må ut. La vatnet renna i ei kran nær inntaket i huset ei stund, før vatnet vert teke i bruk att. Dei anbefalast å stenge stoppekran inn til eigedommen/evt i kjellar. Spørsmål vedr. arbeidet kan rettast til tlf 97711703/97724047 Årsavgifta 2022
Vassverket har i desse dagar sendt ut faktura på årsavgifta for 2022, og du vil sjå at den er vesentleg høgare enn i fjor. Årsaka til dette er dei høge straumprisane. Styret gjennomførte eit ekstraordinært årsmøte 14.septemper kor auka straumprisar var tema, og dei frammøtte fekk ei grundig og god orientering om konsekvensane av auka straumprisar for vassverket. Det går mykje straum til å produsera reint og godt vatn. Årleg forbruk på renseanlegget er om lag 150.000kWh i året. Med den straumprien vassverket har hatt til no i år, og me kan forventa minst like høge prisar frametter, er styret nøydd til ta dette påslaget på årsavgifta for å unngå store underskott på drifta. Renseanlegget har me i lag med Strandvik og Vinnes vassverk og straumrekninga skal sjølvsagt delast mellom desse to vassverka iht forbruk. Skjørsand og Fusa vassverk sin andel av straumutgiftene i 2021 var kr 61.000. For 2022 forventar styret straumutgifter på minst kr250.000, som er ein auke på over 300%. Styret jobbar aktiv med å få ned straumutgiftene med å sjå kva forbetringar me kan gjera på renseanlegget. Styret føljer også aktiv med på kraftmarknaden for å prøva å få dei beste straumavtalane. Men uansett må me rekna med høge straumutgifter frametter ei tid. Hans Vindenes Styreleiar Det blir halde ekstraordinært årsmøte onsdag 14. september kl 19.00 i Fusa samfunnshus. Sak: Justering av årsavgifta for 2022 grunna sterk auke i straumprisen. Ref. og paragraf 9 i vedtektene: Styret sine gjeremål. Styret
Det blir årsmøte i Skjørsand & Fusa Vassverk SA, tirsdag 14. juni 2022 kl. 20.00, i Fusa Samfunnshus. Innkalling og årsmøtedokumenter kan lastast ned her:
Det blir årsmøte i Skjørsand & Fusa Vassverk SA torsdag 10.06.21 kl 20.00 i Fusa Samfunnshus. Innkalling og dokumenter til møtet kan lastast ned her.
Det blir årsmøte i Fusa samfunnshus Torsdag 04. juni kl. 20.00. Dokumenter for årsmøte kan lastes ned under.
Det blir årsmøte i Fusa samfunnshus Onsdag 15. mai kl. 20.00. Dokumenter for årsmøte kan lastes ned under.
Det vil bli utført utspyling av hovedledningsnettet lørdag 30.03.2019 i perioden mellom
kl 10.00 og kl 19.00 dersom arbeidet går som planlagt. Vi anbefaler at det ikkje vert tappa vatn i tidsrommet arbeidet pågår. I det vatnet blir kopla inn att kan vatnet vera noko misfarga og det kan vera noko luft i leidningane som må ut. La vatnet renna i kaldtvasskrana nær inntaket i huset ei stund, før vatnet vert teke i bruk att. Vi vil og anbefale dei som har stoppekraner inn til sin bolig, at denne blir avstengd i tidsrommet arbeidet pågår. Spørsmål vedr. arbeidet kan kan rettast til tlf 97711703/95161150 |
|